• web

Eg er sjølvlært innan webutvikling, og lagar gjerne nettside til deg om du treng det. Dersom du er intressert bør du lese gjennom denne sida.

Hope93net tilbyr

- Bygging av nettside – Webdesign og koding
- God kunnskap i kodespråka (X)HTML og CSS
- God kunnskap i Photoshop
- Bra rettskriving, både bokmål og nynorsk. Kan også oversette til engelsk
- Oppdatering av logo – Gjere den friskare i fargane, oppdatere den
- Hjelp med bestilling av webhotell og domene om du ikkje har det frå før. ProISP anbefalast og blir brukt dersom eg bestille.

Eg har kutta tilbodet om å vere webmaster, då eg ikkje har tid til det.

Alle nettsider blir laga for publiseringssystemet (CMS) Wordpress. Du kan lese om Wordpress på Wikipedia. Wordpress er enkelt å forstå, og ein kan logge seg på nettsida si og oppdatere uansett kor ein er, og kva PC ein brukar.

Pris blir rekna ut av kor mykje arbeid det er med design og koding, og kva ønskjer du som kunde har. Likevel er der ein minstepris på kr 1200,-.

Eg har fokus på at du som kunde blir fornøgd, og at det blir eit bra resultat.

Eksempelpris

Webhotell (ProISP)                    420 kr
Webdesign og koding              1200 kr
Sum                                         1620 kr

Ta kontakt for prisforslag og spørsmål!

Referansar

Hyen Natur og Friluft
er ei lokal bedrift i Hyen som driv med turisme. Det var på tide å få på plass ei ny nettside, då den gamle var veldig “1999″ og ikkje oppdatert. Eg tilbydde meg å gjer arbeidet, og sida som no er på nett er versjon 2. Ei frisk og brukarvenleg side.

HyenNaturogFriluft.no

Larstunet
driv med sal av brukt og nytt gardsutstyr. Larstunet held til i Ommedalen i Hyen, der ein blant anna kan finne Norges “luftigaste” støylsveg. Ommedalen får snart eiga nettside.

Larstunet.no

-
Sandane Rør & SanitærSandane Rør & Sanitær
er ei bedrift på Sandane som driv med det namnet seier; rør og sanitær.

Ei ny nettside for Sandane Rør & Sanitær er no under arbeid. Den vi ser til høgre er på veg til utskifting.

Sandane-ror.no